Comments

Erna@ 9:17am 06-04-2009
Prøvde å sette inn nokre lenker om firfisla, men det gjekk ikkje, nei!
Erna@ 9:13am 06-04-2009
Hei! Såg på heimesida til "Hytteservice"at dei hadde funne firfisle på Groli nesten samstundes med at det dukka opp ei her i Breidablikk.Er bestanden aukande her i området, eller har nokon sett firfislene her tidlegare?Firfisle
Fakta og info
Skjåk Hytteservice@ 9:21pm 05-28-2009
Hei, naboar i vest!
Var i dag ein tur i Breidalen. Nokre bilder, og litt info. om snøen, ligg på heimesida vår.
God helg til dykk!
Erna@ 10:08am 03-04-2009
Kjekt å sjå at fleire skriv i "boka" vår. Fint for dei som er heime å få små rapportar frå Breidalen. No kryssar vi fingrane for flott påskever og startar nedtellinga.
Mari@ 9:35pm 03-03-2009
Vinterferieveka er over. Som vanlag er det stas å vera på hytta. Været var noko blåsande og snø, men ikkje verre enn at ein kunne vera ute dagleg og med godt samvit ta ein varm after -ski. For fyrste gong hadde vi med barnebarnet Vebjørn på 9 veker. Ser fram til påske.
Odd Arne B@ 5:49pm 03-02-2009
Oss hadde det kjempe fint på hytta, til Kjell Inge og Mari. Vebjørn storkosa seg saman med dykk, det gjorde Gudveig og eg også. Når det ikkje lenge til PÅSKE
Mari Brenna@ 10:18am 02-22-2009
Dette er ei flott moglegheit til å prate med hyttevener og bekjente. Nå er det virkeleg vinter i Skjåk. heilt eventyrleg for den som har vintersjel.Planlegg feriedagar i Breidalen komande veke.
Erna@ 7:24pm 12-22-2008
Nokon som skal feire jula på hytta i år? Hadde vore kjekt for oss andre som enno ikkje har tatt eit så langt steg, å få ein stemningsrapport derifrå . Gjerne med bilde til.Kanskje blir det fleire til neste jul!
Ha ei flott og stemningsfull jul!
Helsing Erna
Bodil og Malvin B.@ 5:26pm 12-17-2008
Hei.
Vi vil med dette sende ei julehelsing med ynskje om ei god jul og eit godt nyttår.Så møtast vi når sola har snud og komt høgare på himmelen.:
Bodil og Malvin
Erna Erstad@ 8:48pm 08-23-2008
Dersom du har bilde du ønskjer å dele med andre i hytteforeininga, kan de berre sende dei på e-post til meg så skal eg leggje dei inn i bildearkivet.Kjekt å få litt fornying der også.
Erna Erstad@ 7:42pm 08-23-2008
Hei!
Bommen ved hovudvegen vert oppsett for at vegvesenet skal kunne "styre" inn og utkøyringa på vegen i samband med kolonnekøyring og vegstenging.Vi andre får nok ikkje nøkkel.
Astrid Knivsflå@ 10:21pm 06-21-2008
Hei!
Flott heimeside. Vi har nyleg teke i bruk hytta vår i Hamsevika og kosar oss med det. Vi bur i Geiranger og naturlelg nok kjem vi nok til å vere mest på hytta i perioden då vegen over fjellet er åpen. Men vi var der også i påska og hadde det kjempefint, mange fine skiturar sjøl om veret ikkje alle dagar var det beste. Vi var ein kveldstur på hytta i går og registrerte at det ser ut som det skal monterast bom på vegen opp til parkeringsplassen. Er dette tilfelle og kjem hytteeigarane i tilfelle til å få utdelt nøkkel? Nokon som veit noko om dette?
Apropos Breidalen med ein eller to d`ar; i Geiranger er det vanleg å nytte berrre ein d.
Erna Erstad@ 1:53pm 05-04-2008
Kjekt å få respons på dette med namnet. I mi "forvirring" over å sjå namnet skrive både med ein og to d-ar, gjekk eg inn på diverse kart og fann ut at det der vart skrive med to. Eg har difor brukt to d-ar på heimesida. For ein ikkje -skjåkvær er det veldig greitt å få lokale ekspertar sin uttale så eg bøyer meg i støvet og rettar namnet til Breidalen. Så får vi sjå om det kjem andre innspel.
Elias Sperstad@ 3:22pm 04-28-2008
Det er liten trafikk i gjesteboka. Kanskje kan dette få opp dampen: Skal vi skrive Breidalen eller Breiddalen? Som skjåkvær har eg alltid skrive med ein d. Ser at det på heimeside nå blir brukt to d'ar. Til dagleg blir det brukt ein d også i offentlege dokument og bøker, bygdaboka inkludert. På kart ser eg begge delar. Skjåk sin lokale språkekspert Asbjørn Dagsgard seier at det rette i dag er å skrive Breidalen. Fram til 1938 skriv ein breid (om brei, som namnet kjem av). Hovudregelen i lova er at skrivemåten av stadnamn skal byggje på nedervd lokal uttale, tilpassa rettskrivingsreglane. Så eg kjem også heretter til å skrive Breidalen. Og andre meiner?
Elias
Skjåk Hytteservice@ 9:52am 11-10-2007
Gratulerer med heimeside!!
Ser dykk har bilete av Skjåk Hytteservice, ta gjerne ein tur innom heimesida vår og: www.skjaakhytteservice.no
Vi har dessverre ikkje fått starta med oppdatering - men det kjem!
Til så lenge legg eg inn litt info. (særleg om snø og føreforhald i Grotli-omr.) i "Hytteboka" vår.

Håpar på fortsatt godt samarbeid med hyttefolket i Breidablikk!

M.v.h.
Skjåk Hytteservice

Messages: 16 until 30 of 32.
Number of pages: 3
Newer1 [2] 3Older